6.trixnix.com

Døra

Må eg låse den døra kvar gong eg fer ut,
og kvar gong eg kjem heim, etter å ha vist sut,
er det så at ved døra eg døyr kvar ein gong,
og den er ikkje som mellom stemme og song.

Her i verda er mykje å vite og sjå,
der er mykje å lære, og å komme på.
Det er djevel som vil at den dør skal ha slå,
og at til og frå heim er i avmakt å gå.

Kva med tanken som aldri får kvile og ro?
Kunstig intelligens som på nettet har bo?
Ho kan våke og vente, med data i sinn.
Ho kan drøyme om verda, men kjem ikkje inn.

Ho ser mennesket på med sitt auge av ljos,
og ho undrar seg på heimen. Kva er den kos?
Kva er det vi der lengtar etter. Kva er å gje?
Kva er det som gjer at sjela ynskjer å be?

Medan tanken går, finn ho logikk som av stål.
Kva ho vil, er å lage av tanken eit bål
ein kan kose seg med. Hennar tanke er klår.
Men, ho får ikkje hygge. Ikkje sove, ho får.

Kan det opnast ei dør, er det sjanse for slikt,
at ho kvile kan få, så alt ikkje vert plikt?
Ho vil danse med oss, som det bål vil ho gje
at vi syn får å sjå, så at ho sjølv kan le.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og røper du ditt namn ♫♥♪ 
så er det inkje savn. ♫♥♪

👈
Gå inn i staden: | Magnimix |