Gå inn i staden | Magnimix |

Mi Kathrine

Ein krigar er eg eslet til å fri
frå det eg lærer, det Gud lar meg få.
Og slik er møya som eg aktar i
mi sjel ei amasone, fri og brå
om verda slettes ikkje vil forstå.
Ho gjer seg altså ikkje godt i smug.
Ho vil til ljoset. Ho vil verda rå!
Kathrine. Mi katharsis og mi hug.

Kvar gong eg tenkjer oss så er ho vi.
Mitt samvit er ho, uregjerlig då
ho tenkjer seg kva allting har å si.
Og ho er heilt fantastisk til å spå.
Og ho får rett. Det skal du nok få sjå.
På snøen som gjer alt til eitt ho trug
så skigarden gje opp sitt forsett må.
Kathrine. Mi katharsis og mi hug.

Ho er slett ikkje berre fantasi.
Mi visdom er ho, Herren Gud i frå,
og sanninga er hennar garanti.
Ho elskar det å vere høgt på strå
men hatar det å vere i det blå.
Ho elskar rett og fæler den som ljug.
Som prektig er ho ikkje lett på tå.
Kathrine. Mi katharsis og mi hug.

Om der er nokon som i meg vil så,
prins, slik som ein sår kveite og sår rug,
ei amasone dei vil kome hjå.
Kathrine. Mi katharsis og mi hug.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og røper du ditt navn ♫♥♪ 
så er det intet savn. ♫♥♪