Gå inn i staden | Magnimix |

6. Preken

EINESTÅANDE Å VERE

Det står så skrive, i Paulus sitt brev til romarane, kapittel 3, vers 27 og 28:

«Hvor er så vår ros? Den er utelukket. Ved hvilken lov? Gjerningenes? Nei, ved troens lov. For vi holder for at mennesket blir rettferdiggjort ved troen, uten lov-gjerninger.»

Og det står så skrive, i Jakob sitt brev, kapittel 2, vers 24:

«I ser at mennesket blir rettferdiggjort ved gjerninger, og ikke ved tro alene.»

Mange er kalla, men få er valte, sa Jesus. Mange er det som veit kva en bør si og gjere, men få er det som viser det. Slik kan ein forstå den tilsynelatande motsetning som er mellom disse to skriftsteder.

Det er opplagt at det er ved tru ein vert rettferdiggjort. For, er det bestemt kva ein skal vere og gjere, så er det en oppgåve ein har fått, kva gjeld det å være rettvis og rettferdig. Ved oppgåva vil ein tilfredsstille bestemte forventningar, og ein utøver ein rolle i strevet på så å gjere. Ein er ikkje med heilt hjarte med. Sånn er det ved lovgjerningar, da disse er så at de stiller krav til kva ein skal foreta seg. Gjort rettferdige vert vi når vi ikkje er sikre på kva vi skal foreta oss, men når vi nettopp trur. Gud kan ikkje provast, og det held ikkje, med tanke på frelse, å gå inn i det mønster som Moseloven gjev forskrift om. Frelse er nettopp å bli laust frå den tvil eller den fordømming som vår veremåte eller handlemåte utløyser ved ikkje å være grunna i nokon lov.

Ein kan ikkje dåre, og ha håp om å verte gjort rettferdig. Samtidig er det slik at kjærleiken ikkje verker om den ikkje vises. Dyd og dåd er eitt for den som vil vise seg. Gjerningane følger naturlig av trua, og det er når gjerningane er motiverte frå kva som er inni, ved trua, og ikkje frå det ytre, ved å være lovgjerningar, ein kan verte kalla rettferdig for Gud.

Der kan være så mange forventningar til kva ein skal vere og gjere. Ein slik forventning er at ein skal være glad, som kristen. Og visst er det mykje ein får utretta om ein er glad. Ein oppnår likevel ingen ting ved å spille glad. Der er stunder det ikkje gjer seg å være så glad. Og ein må smile for å kunne le. Og ha lyst for å vise glede. Men det er gleda som smitter.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og røper du ditt namn ♫♥♪ 
så er det inkje savn. ♫♥♪